Bjørnen Tor er ein liten teddybjørn med eit stort hjarte som likar å oppleve noko nytt ete gulrøter og synge. Han bur saman med mennesket sitt på Vestlandet nær fjell og fjordar.

Fleire barnebøker er skrivne om opplevingane hans med flotte fotografi og rundt 1000 ord. Kvar bok inneheld ein song han laga i løpet av historia som blir fortalt.

I forteljingane så bakar han dyrkar grønsaker fiskar reiser leikar feirar jul står på ski og er saman med vennar. Han får lov til å prøve nye ting og gjere sine eigne feil. Alltid med kjærleg rettleiing frå mennesket sitt som bidreg med kreative svar og forklaringar på livet og det dei opplever.

I denne boka får du oppleve Bjørnen Tor si julefeiring. Frå han vaknar og finn ein adventskalender på veggen og til den kvelden der han og vennane framfører den stemningsfulle «Bamsane sin nyttårssong».

Barn i alle aldrar vil fryde seg over denne forteljinga om vestnorsk jul med adventskalender julebakst juletre julegåver pinnekjøtt snø nyttårsbukk-gåing og leik og vennskap.

Piracy-free
Assured Quality
Secure Transactions
Delivery Options
Please enter pincode to check delivery time.
*COD & Shipping Charges may apply on certain items.